Info

Påloggingsfunksjonen til nettsiden er fjernet, grunnet ombygging til å vere en ren infoside om organisasjonen.

Dokumenter

Støttespillere

  

RapidSSL SEAL 90x50

«Ambulansetensta til Helse Førde er ikkje berekraftig»

Tenesta blir stadig dyrare og helseføretaket strevar med å rekruttere til dei minste stasjonane. Dermed kan det vere duka for nye rundar om framtida til ein del av ambulansestasjonane i Sogn og Fjordane.

Nye krav og strengare arbeidstidsordningar har ført til titals fleire tilsette i ambulansetenesta dei seinare åra, likevel er det krevjande å rekruttere til ambulansestasjonar som har få oppdrag.

Administrerande direktør Jon Bolstad fryktar utgiftsveksten går utover andre viktige sjukehusoppgåver.

– Vi brukar mykje ressursar på beredskap i Sogn og Fjordane, og det har auka mykje dei siste åra. Vi kan ikkje kome i ein situasjon der ein brukar ein uforholdsmessig stor del på beredskap, slik at det går ut over andre tenester.

For to år sidan foreslo administrasjonen i Helse Førde å redusere talet på ambulansestasjonar . Den gongen fekk dei ikkje gjennomslag i styret. Les mer på Nrk Sogn og Fjordane...