Rapport: – Det nye naudnettet er sårbart og lite robust under ekstremvêr

Norge sitt nye naudnett viste klare svakheiter. Det er konklusjonen til Det Norske Veritas, som har granska korleis naudnettet fungerte under ekstremvêret «Tor».

MISTA KONTAKTEN: Det nye digitale naudnettet som no er rulla ut til heile landet, gjer at alle naudetatane kan kommunisere. Men då vinterstormen «Tor» herja, fall fleire av basestasjonane ut.

I januar i år slo «Tor» innover Vestlandet. I fleire område vart dette den første store testen på det digitale naudnettet som har kosta fleire milliardar kroner.

No viser ein Veritas-rapport tinga av Direktoratet for nødkommunikasjon at til saman 175 naudnett-basestasjonar vart sett ut av spel etter uvêret.

Nokre av desse hadde eit avbrot på berre få minutt. 120 basestasjonar var ute i meir enn 10 minutt.

«Det største antall basestasjonar med utfall for Nødnett var rundt midnatt natt til 30. januar og store område var utan dekning.», heiter det i rapporten.

"Vi har merka at det ikkje var så robust som vi kanskje hadde håpa og trudd", seier Tor Helge Lyngstøl, Direktør Direktoratet for nødkommunikasjon.

Direktør Tor Helge Lyngstøl i Direktoratet for naudkommunikasjon legg ikkje skjul på at dei har ein jobb å gjere.

– Vi bør sjå på basestasjonane som har falle ut, og sørge for at stasjonane vi no ser er sårbare, ikkje får store konsekvensar for andre basestasjonar viss vi skulle få utfall. Kort sagt prøve å prioritere dei tiltak innan for dei rammene vi har, slik at det blir best mogleg robust, seier Lyngstøl til NRK. Les mer på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider...