Øvelse Oslo 2006
UF- Norge fekk ein observatør plass under øvelse oslo 17-18 oktober. Sekræter Roar Gjerde representerte UF- Norge.
Eg møtte opp på Oslo rådhus for å få akkreditering og brifing om øvelse oslo kl 0930.
Brifingen starta litt over kl 10, då var øvelsen allereie starta. Brifinga varte i ca 20 minutt.
Etter dette blir vi frakta til Politihuset på Grønland for å få eit innblikk korleis politiet arbeider. Vi fekk god informasjon om korleis LRS(lokal redningssentral) arbeidar.
Vi var på politihuset i ca 30 min. Deretter blei vi kjørt til Oslo Sentralbanestasjon. Der hadde det vore ein ”eksplosjon på jernbane” Skadeomfanget var stort, 75 skadde og 20 omkomne. 105 var uskadde. Totalt 200 markørar.
Her var redningsarbeidet i ferd med å bli avslutta. Eg såg ein del ”skadde” bli frakta vekk på båre til samleplass skadde.
Vi fekk informasjon om ”hendinga” av ein politimann. Han fortalde litt om kva som hadde skjedd og koleis redningsarbeidet hadde fungert.
Etter ca 15 minutt gjekk vi frå Oslo S til Egertorget der det hadde vore ein eksplosjon på T- bana. Skadde 75, omkomne 15, og uskadde 150. Totalt 240 markørar. Når vi kom fram, såg eg att redningsarbeidet var avslutta. Ikkje noko anna å sjå enn redningspersoenell som dreiv å rydda på plass utstyr. Her fekk vi også informasjom om kva som hadde skjedd, og korleis redningsarbeidet hadde gått.
Etter dette var øvelse Oslo over for den gruppa eg var med. Dessverre var utbytte mitt som observatør svært begrensa. Dette skyldast at øvelsen var allereie starta når vi var på råduset for å få brifing om øvelsen. Når vi endeleg kom ut til dei ulike hendingane var redningsarbeidet i ferd med å bli avslutta. Det er imponerande at ein har kapasitet til og handtere to ”ulykker” med over 440 personar involverte på same tid.
Evalueringsrapporten frå Øvelse Oslo skal vere klar tidleg i 2007.
Roar Gjerde
Sekræter
UF- Norge

Det var oppmøte på Rådhuset før øvelsen, der ein fekk akkrediteringskort
og hovedbrif om Øvelse Oslo.

Etter hovedbrifen om øvelsen vart vi kjørt i buss til politihuset på grønland, der det var direkte
filmoverføring frå lokal redningssentral, politiets stabsrom og film frå politihelikopteret.

Etter orienteringa på politihuset, vart vi frakta til Oslo Sentralbanestasjon til
hending nr. 2 (eksplosjon på jernbane). Totalt 200 markørar.

Etter Oslo S gjekk vi til Egertorget til hendelse nr 1(eksplosjon på T-bane) Totalt 240 markørar.